Innkalling til årsmøte i Voss mållag
Årsmøtet i Voss mållag vert halde
tysdag 28. februar kl. 19.00 i på Voss gymnas
Vanlege årsmøtesaker. Velkomen!
Årsmøtet i Voss mållag vert halde
tysdag 28. februar kl. 19.00 i på Voss gymnas
Vanlege årsmøtesaker. Velkomen!
Kjære medlem! Voss mållag vart skipa 4. februar for 125 år sidan. Det skal markerast på festleg vis i Osasalen på Ole Bull Akademiet kl. 18–20.30. Ingvild Bryn losar oss gjennom eit program som spenner frå språklege ablegøyer til målpris og språkpolitikk. Og det vert flotte musikalske innslag og allsong. Ikkje vent med å kjøpa billettar, for her ventar me fullt hus! Sjå korleis du kjøper billett nedanfor.
Me får høyra Småkvedarane, Markus Lirhus og Berit Opheim i musikalske innslag. Peder Lofnes Hauge representerer Noregs mållag og Åse Wetås kjem frå Språkrådet. Den førre leiaren vår, Eirik Helleve, held kåseri om den lokale målsoga i laget sine 25 fyrste år. Ein liten pause med drøs og litt servering vert det plass til.
Deretter kjem Linda Eide og Gunnstein Akselberg sitt bidrag til festen: Vossadialekten, på høgde med det beste frå utlandet! Så vil Ingvild snakka med Åse og Solveig Brunvoll (jusstudent og medlem i juristmållaget) om korleis det er å nytta nynorsk som arbeidsspråk, den nye språklova, studenten si røynsle som utflytta vossing i bruk av nynorsk på universitetet m.m. Deretter snakkar Ingvild med Peder om korleis ein kan lyfta fram nynorsken og jobba politisk og målretta i organisasjonen; altså retta blikket noko meir framover og snakka om vegen vidare. Peder vil helsa frå Noregs mållag. Til slutt deler me ut Målprisen for 2022.
Billettpris er 250 kroner (100 kroner for ungdom). Du kjøper billettar på førehand på Vipps til nr. 792164 (eller søk opp Voss mållag). Der er det ei handlekorg som me stengjer når det er utselt.
Har du spørsmål, eller manglar Vipps, kan du ringja Inge Draugsvoll på 41 41 00 10.
Sylfest Lomheim er ein populær formidlar og ein dyktig debattant med klare meiningar om språk og språkpolitikk. Han var den fyrste direktøren for Språkrådet og er ei kjend stemme frå m.a. Språkteigen i NRK. Han er i dag professor i norsk ved Universitetet i Agder. I Vonheim er temaet ”Sjumilssteg i språkhistoria”, der han startar med språket i Noreg på Jesu tid og endar på totusentalet. Han tek gjerne med seg gitaren òg. Etter føredraget vert det kaffi, te og noko å bita i, og kanskje har du spørsmål eller kommentarar til Sylfest?
Engasjerande føredrag om språket i Noreg.
Kaffiøkt.
Inngang kr 100
Tilskiparar: Folkeakademiet Voss og Voss mållag,
med støtte frå Folkeakademiet Hordaland
Voss mållag fekk vist seg fram med stand på Vossadagen, som er eit samarbeid mellom Voss herad, frivillige lag og organisasjonar og Voss sentrum. Det gav resultat, og me kan ynskja fleire nye medlemer velkomne!