Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Språkopplæringa i Voss kommune må vera på nynorsk

vaksenopplaring nynorsk

NAV held språkkurs for mange av brukarane sine. Den siste tida har NAV Voss leigd inn privatskulen Metis for å halda kurs, og me undrar oss over kvifor denne privatskulen har fått lov til å halda kursa sine på bokmål. Det er mange grunnar til at dette er uheldig. 

Voss kommune er ein nynorskkommune, og slik vil det òg vera i Voss herad. Voss kommune har lange nynorsktradisjonar – alt i 1907 vart det til dømes vedteke at alle lærebøkene i grunnskulen skulle vera på nynorsk. I 1921 vart Voss kommune den fyrste i landet som kravde at alle brev frå staten skulle vera på nynorsk. Begge desse momenta vart stadfesta i 2016, då Målbruksplanen for Voss kommune vart vedteken. Denne seier òg klart at skulemålet i kommunen skal vera nynorsk. 

Det må òg gjelda for språkkursa NAV held. Dei må vera på nynorsk. Mange av elevane ved kursa til Metis har tidlegare hatt opplæring i nynorsk ved Voss Vaksenopplæring. Nokre av elevane har ikkje grunnskule, og når dei etter kursa til Metis går vidare med grunnskuleopplæring vil den vera på nynorsk. Nokre går altså frå nynorsk til bokmål; andre går frå bokmål til nynorsk. Slike målbyte tidleg i språkopplæringa er uheldig.  

Fleire av elevane ved desse kursa har sjølve ungar i grunnskulen. Det vert sjølvsagt langt lettare for dei å hjelpa ungane med lekser på eit språk dei sjølve har fått opplæring i, og å halda seg orientert i det skriftlege materialet ungane har med heim frå skule og fritidsaktivitetar. 

Voss Vaksenopplæring har gjeve opplæring på nynorsk sidan 2016. Me går ut frå at det er gode grunnar til at NAV/Metis held nokre av kursa, og slik me forstår det har NAV og Metis fått desse oppgåvene etter at dei vann ein anbodsrunde. Viss det er korrekt, har me eit enkelt spørsmål til Voss kommune: Kvifor er det ikkje eit krav i anbodsdokumenta at denne språkopplæringa skal vera på nynorsk?

Eirik Helleve
leiar, Voss mållag

Støtt Voss mållag

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Test deg sjølv

Kor godt kjenner du lokale ord og uttrykk?
Prøv den uhøgtidlege dialekttevlinga

Her kan du lesa siste nytt frå Noregs Mållag. (Opnar i nytt vindauge)

  • Nasjonalt vårseminar i Ålesund Nasjonalt vårseminar i Ålesund Noregs Mållag inviterer til vårseminar i foajeen i Parken kulturhus i Ålesund laurdag 25. og søndag 26. mars. The post Nasjonalt vårseminar i Ålesund appeared first on Noregs Mållag.

  • Kan nokon snart skru av internett? Kan nokon snart skru av internett? Men før styresmaktene får kontroll, er det opplagt at vurderingssituasjonar igjen må bli analoge. The post Kan nokon snart skru av internett? appeared first on Noregs Mållag.

  • Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen – Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. The post Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen appeared first on Noregs Mållag.

  • Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Noregs Mållag lyser kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kr, eitt til ei kvinne og eitt til ein mann. The post Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? appeared first on Noregs Mållag.

  • Gunnar Ottne til minne Gunnar Ottne til minne Natt til 8. januar døydde Gunnar Ottne. Han vart 81 år gamal. The post Gunnar Ottne til minne appeared first on Noregs Mållag.

Godt sagt!

Siste fredagskveld kom 8 lærarar og ein 2–3 andre saman og vedtok å skipa mållag for Voss

Den 17de Mai, 14.2.1898

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga