Treng me sidemål?
Skrive av Emil Trosvik, 10. klasse ved Voss ungdomsskule. Vinnar av Målblomen 2016
Sidemål har ein eigen karakter på ungdomsskulen. Som elev byrjar du med fagleg sidemål som ein del av norsken i slutten av åttande klasse. Dersom du slit med norsk på skulen, kan du søkje om å bli fritatt frå sidemål, men det er ikkje eit valfritt fag, i dag. Folket er svært splitta i spørsmålet om me treng sidemål.
Kristin Halvorsen (tidlegare kunnskapsminister) sa i 2007: «Norskfaget er blitt altfor omfattende og arbeidskrevende. Vi kan ikke fortsette slik det er i dag.» Ho meiner at det vil hjelpe å fjerne karakteren i sidemål.
Ja, Kristin har rett i at norsk er eit krevjande fag. Men blir faget mindre krevjande ved å fjerne karakteren i sidemål? Neppe. Eg vil då tru at elevar vil nedprioritere nynorsk. Det synes eg er litt rart når regjeringa har sagt at dei vil styrkje nynorsken.
Oslo Ap sa i 2012: «Det er et faktum at mange elever ser på nynorsken som en plage.» Dei og svært mange andre meiner også at det er nødvendig å fjerne karakteren i sidemål.
Eg kjenner meg direkte provosert i desse utsegna. Språk og dialekt handlar om identitet. Kor du er i frå, kor du har vakse opp, og kva som gjer at du blir du. Mange meiner at det vert mindre krevjande for elevane dersom sidemål vert teken bort frå norskfaget. Er det verkeleg rette vegen å gå? Skal me då ta vekk likningar frå matte fordi elevane tykkjer det er vanskeleg?
Dei som blir hardast ramma viss dette tiltaket blir sett i verk, er alle dei som har nynorsk som hovudmål. I Noreg har 87% av befolkninga bokmål som hovudmål, mens berre 13% har nynorsk som hovudmål. Kva med desse 13%? Dei er nøydde å forstå og kunne bruke bokmål. Er det rettferdig berre fordi dei er minoriteten?
Det er seks av sju som snakkar tilnærma bokmål, eller som knotar på dialekten sin, og det blir stadig fleire. For å unngå at dialektane døyr heilt ut, må me halde fram med sidemål på skulen. Det er då betre at dei som verkeleg slit på skulen, får fritak frå sidemål, enn at ingen skal ha sidemål.
Som du skjønar, synest dei som snakkar bokmål at det vanskeleg å lære seg nynorsk. Det er jo nesten alltid vanskeleg å lære seg nye ting, uansett kva. Men dersom du byrjar tidleg, lærer du betre. Eg meiner at sidemålsundervisninga skulle starta tidlegare, for eksempel i femte klasse. Hadde den byrjar i liten grad då, ville det vore lettare å forstå den når du blei eldre.
Ein treng heller ikkje bruke sidemål som noko anna fag. Ein kan kombinere det med den vanlege norskundervisninga. For eksempel viss du har om nasjonalromantikk og skal levere ei oppgåve om temaet, så går det an å seia at elevane skal skrive oppgåva på sidemål. Elevane vil då bli endå betre i sidemål. Dersom dei får oppgåver i både bokmål og nynorsk, vil dei lære seg begge måla raskare.
Det å slutte med sidemål, vil gje negativt resultat for dei aller fleste. Me burde verdsetje dei ulike dialektane me har i Noreg, og ikkje klage over dei. Eg meiner det er vrangførestillingar å ville kvitte seg med sidemål. Eit Noreg utan dialektar ville vore eit keisamt Noreg. På same måten som du til slutt greier å lære likningar i matte sjølv om det er vanskeleg, greier du å lære sidemål. Det handlar rett og slett om kor villig du er til å lære.
Kjelder:
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/SVHalvorsenvurderermindresatsingpany norsk6747715.html
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/oppvekst/barnogungedropperdialekt/a/233531 88/
http://www.adressa.no/meninger/snakkut/article1766895.ece