Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Minneord om Johannes Gjerdåker

Johannes Gjerdåker døydde 27. april, 84 år gamal. Gjerdåker var formann i Voss mållag ved to høve, 1978–79 og 1991–93, og sat òg fleire år i styret. Han var ein sikker og stø nynorskbrukar heile livet. Han var ikkje den som oftast tok ordet i offentlege ordskifte, men dei gongene han gjorde det, var han svært engasjert. 

Gjennom dei mange bøkene og artiklane sine viste Gjerdåker at nynorsk kunne brukast til alt. Han skreiv sakprosa, han skreiv eigne dikt, og han omsette dikt frå ei rekkje språk. Han hadde ei sterk språkkjensle og eit rikt ordtilfang, og omsetjingane hans var ikkje ferdige før han hadde funne det rette ordet.

Han var godt kjend med norsk målsoge, og han gjorde òg sitt til å gjera målsoga kjend for fleire. På sitt eige forlag, Vestanbok forlag, gav han ut tre bøker med tekstar av Ivar Aasen. 

Johannes Gjerdåker vart utnemnd til heidersmedlem i Voss mållag i februar i år. Me er glade for at han fekk den heideren, og me er takksame for alt han har gjort for det nynorske språket. Me lyser fred over minnet hans.

For styret i Voss mållag
Eirik Helleve

Velkomen til årsmøte

dji 0041

Me minner om årsmøtet i Voss mållag tysdag 10. mars kl. 19.00 på Voss gymnas.

Vanlege årsmøtesaker. I tillegg vil Snialvur Joanesarson fortelja om språksituasjonen på Færøyane.

Velkomen!

Johannes Gjerdåker heidra av Voss mållag

Johannes Gjerdåker heidersmedlem i Voss mållag

Styret i Voss mållag gjorde nyleg vedtak om å utnemna Johannes Gjerdåker til heidersmedlem i Voss mållag, for mangeårig og framifrå innsats for nynorsken. 

Johannes Gjerdåker (f. 1936) har vore leiar for Voss mållag ved to høve, 1978-79 og 1991-93, og sat òg fleire år i styret. Han har vore ein sikker nynorskbrukar heile livet. Han har skrive mykje lokalhistorie, han har hatt ei fast spalte i Hordaland, han har skrive eigne dikt og omsett dikt frå engelsk, tysk, latin, islandsk og persisk. I alt dette har han vist seg som stø skribent, med stor språkkjensle og rikt ordtilfang.

Gjerdåker har tidlegare vorte heidra av andre. I 1992 fekk han kulturprisen til Voss kommune, og for omsetjingane sine fekk han i 1997 Bastianprisen, i 1999 Melsomprisen og i 2006 Kritikarprisen. 

Eirik Helleve
leiar Voss mållag

(Bilete: Johannes Gjerdåker og Eirik Helleve, 19/2-2020. Fotograf: Arnfinn Gjerdåker)

 

Jakob Sande i ord og tonar med songkoret Bygdaklang

Jakob SandeGAMLEKINOEN

Fredag 31.janaur kl 19.30 og
Laurdag 1. februar kl. 17.00

Billettar (kr 300) er å få kjøpt på www.vosskulturhus.no og i Voss Bokhandel.

Jakob Sande henta det meste av stoffet frå sjømannslivet og livet i vestlandsbygdene. Dikta han skreiv vekslar mellom burlesk og til tider grotesk humor (til dømes i «Kallen og katten» og «Likfunn») til sterkt kjensleladde dikt som «Fløytelåt» og «Vesle Daniel». Jakob Sande har òg skrive seg inn i salmebøker med «Det lyser i stille grender», «Salme» og «Åndeleg sjømannssong».

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7

Støtt Voss mållag

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Test deg sjølv

Kor godt kjenner du lokale ord og uttrykk?
Prøv den uhøgtidlege dialekttevlinga

Her kan du lesa siste nytt frå Noregs Mållag. (Opnar i nytt vindauge)

  • Nasjonalt vårseminar i Ålesund Nasjonalt vårseminar i Ålesund Noregs Mållag inviterer til vårseminar i foajeen i Parken kulturhus i Ålesund laurdag 25. og søndag 26. mars. The post Nasjonalt vårseminar i Ålesund appeared first on Noregs Mållag.

  • Kan nokon snart skru av internett? Kan nokon snart skru av internett? Men før styresmaktene får kontroll, er det opplagt at vurderingssituasjonar igjen må bli analoge. The post Kan nokon snart skru av internett? appeared first on Noregs Mållag.

  • Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen – Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. The post Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen appeared first on Noregs Mållag.

  • Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Noregs Mållag lyser kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kr, eitt til ei kvinne og eitt til ein mann. The post Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? appeared first on Noregs Mållag.

  • Gunnar Ottne til minne Gunnar Ottne til minne Natt til 8. januar døydde Gunnar Ottne. Han vart 81 år gamal. The post Gunnar Ottne til minne appeared first on Noregs Mållag.

Godt sagt!

Børnenes skriftlige arbeider skal herefter i almindelighed affattes paa landsmaal.

Vedtak i Voss skulestyre, 27.8.1902

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga