Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Kvinnene i loftet

Finnesloftet

Eit lyrisk musikalsk verk om kvinnehistorar knytt til Finnesloftet.

Vangskyrkja, sundag 26. januar

Tekstar av Signe Seim, og ny-arrangert musikk av Jo Asgeir Lie etter komposisjon av Per Indrehus. Kvinner frå ulike tidsaldrar møtest, der tid ikkje lengre er tid, og tidsalder ikkje finst.

Forteljar: Ragnhild Gudbrandsen
Song: Berit Opheim, Dorthea Bergo
Song, langeleik og lyre: Margit Myhr
Fløyter: Laila Kolve
Akkordeon: Jo Asgeir Lie

Dørene opnar kl. 17.30, konserten startar kl. 18
Framsyninga varer omlag 75 minuttar.
Billetten inkluderer omvisning på Finnesloftet 26/1 kl. 11,
kontakt Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Billettar: Ticketmaster.no / Voss bokhandel. Pris: 375,-

Fortidsminneforeningen Hordaland
i samarbeid med HiHat Management

 

Om målbruksplanar.

Eirik Helleve sitt innlegg på Skulemålseminaret til Hordaland mållag, 9.11.2019.

Planarbeid

Eg skal snakka litt om målbruksplanar. Eg er invitert hit av di Voss mållag hadde eit lesarbrev om dette på trykk i lokalavisa Hordaland i oktober, og eg kjem snart til det brevet. Men eg er museumsmann, eg har stort sett arbeidd ved museum heile livet, og har diverre fått ein yrkesskade som gjer at eg ikkje kan snakka offentleg utan å dra nokre historiske liner. 

Les meir ...

Tre språklege ynske for Voss herad

Tida er inne NO

I 2016 fekk Voss kommune endeleg ein målbruksplan. Før den komande samanslåinga har Voss mållag tre ynske: 

  1. Det må lagast ein eigen målbruksplan for Voss herad

Dette ynsket er sjølvforklarande. Me bur midt i eit stort nynorskområde, men nynorsk er likevel under press her. Det er flott at det nye namnet er «herad», men eit slikt namn forpliktar. Ein målbruksplan er med på å streka under at nynorsk er administrasjonsspråket i heradet. 

Les meir ...

Jolegåvetips: diktarkrus med lokale sitat

diktarkrus IMG 4208b

Voss mållag har i år òg valt ut sitat frå fire lokale ordkunstnarar. No er det sitat frå Johannes Gjerdåker, Ruth Lillegraven, Ingjald Bolstad og Hans Skjervheim som prydar dei fine krusa i ein liten og eksklusiv serie. Krusa har god kvalitet, tåler maskinoppvask og høver godt som jolegåver.

Krusa kan kjøpast hjå kasseraren i laget, Inge Draugsvoll, på Logolink i Vangsgata 26, nabobygget til Vekselbanken.

Prisen er 150 kroner per krus, eller 500 kroner for fire.
Overskotet går til drifta av laget.

I fjor vart alle krusa selde før jol. Ver raskt ute viss du vil samla ein heil serie!

Krus IMG 3949
Krus IMG 3952
Krus IMG 3956
Krus IMG 3958
Krus IMG 3971
Krus IMG 3970
Krus IMG 3973

  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8

Støtt Voss mållag

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Test deg sjølv

Kor godt kjenner du lokale ord og uttrykk?
Prøv den uhøgtidlege dialekttevlinga

Her kan du lesa siste nytt frå Noregs Mållag. (Opnar i nytt vindauge)

  • Norsk Barneblad gjev nynorsklyst Norsk Barneblad gjev nynorsklyst Ein bråte bokmålsskular frå Vesterålen til Farsund har sett i gang eit tiltak med bruk av Norsk Barneblad i undervisninga. Føremålet er å gje nynorskopplæring på tvers av fag for bokmålselevar på barneskulen. The post Norsk Barneblad gjev nynorsklyst appeared[…]

  • Game of Nynorsk Game of Nynorsk Duolingo lærer vekk Ringenes Herre–språk, men har ikkje nynorskkurs. No har nokon teke saka i eigne hender. The post Game of Nynorsk appeared first on Noregs Mållag.

  • Eit moderne teaterslag Eit moderne teaterslag Landets nye kulturminister Lubna Jaffery (Ap) må tette gapet i løvyingar mellom dei no nasjonale hovudstadsteatera våre. The post Eit moderne teaterslag appeared first on Noregs Mållag.

  • Den store vervedagen Den store vervedagen Mållaget inviterer til den store vervedagen søndag 1. oktober. The post Den store vervedagen appeared first on Noregs Mållag.

  • Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane I dag er det tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god opplæring i og på språket deira. The post Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane appeared first on Noregs[…]

Godt sagt!

Børnenes skriftlige arbeider skal herefter i almindelighed affattes paa landsmaal.

Vedtak i Voss skulestyre, 27.8.1902

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga