Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

VINJEKVELD

VOSS BIBLIOTEK – TORSDAG 5. APRIL – KLOKKA 19.00

6. april er det 200 år sidan AASMUND OLAVSSON VINJE vart fødd. Voss bibliotek feirar dagen saman med Voss Lyrikklag og Voss mållag.

OTTAR GREPSTAD frå Nynorsk Kultursentrum vil halda foredrag om Vinje.

D’KOR vil framføra songar av Vinje og det vert sjølvsagt ALLSONG og BLAUTKAKE i høve den store dagen.

Inngang kr 200,- / Medlemmer i Voss Lyrikklag kr 150,-

Aasmund Olavsson Vinje

Velkomen til årsmøte

Årsmøte i Voss mållag onsdag 7. mars kl. 19 på Voss folkehøgskule.
Vanlege årsmøtesaker.

Arvid Langeland orienterer om Nynorsk ordliste, tradisjonell og einskapleg norm; ordlista for dei som vil skriva ein konsekvent og regelfast nynorsk.

VEL MØTT!

VisBildeServlet

Ord og tonar - ein kveld om Olav H. Hauge

med Einar Økland og Leif Rygg

Store diktarar si dikting lever vidare ved at lesaren finn ulike ting som er verdifullt ut frå sin eigen livssituasjon. Jakta på den "rette tolkinga" er ikkje målet for lesinga. Lyrikaren og Haugevenen Einar Økland vil gjennom refleksjon og opplesing gje oss ein glimt inn i korleis han har møtt Hauge sitt verk. Leif Rygg vil gjennom fela syna oss kva Hauge si dikting har gjeve han. Og kanskje dei i dette samarbeidet finn noko som er nytt, både for dei og for oss tilhøyrarar?

Voss bibliotek tysdag 31. oktober kl 19.30

Inngang kr 100,- Voss Bokhandel har bokutstilling.
Førehandssal av billettar: Voss kulturhus eller over nett (www.vosskulturhus.no)

Tilskiparar: Venelaget Olav H. Hauge, Voss mållag, Voss Lyrikklag og Voss bibliotek
– med støtte frå Folkeakademiet Hordaland

Ord og tonar - Haugekveld 2017

Ope seminar for språkinteresserte

Hordaland Mållag held årsmøte på Voss Vandrarheim helga 11.-12. mars.
Laurdag er det SEMINAR OPE FOR ALLE
Påmelding på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

11:30 - Opning, song, val av ordstyrar, skrivarar og underskrivarar
11:45 - Kommune- og fylkessamanslåingane sett frå nynorskståstad
(røynsler frå kampanje i haust). Innleiar: Live Havro Bjørnstad
12:35 - Målpris
13:10 - Lunsj
13:55 - 1967-2017. Ideologi for forsoning eller målreising. Innleiar: Ingar Arnøy
15:15 - Pause
15:25 - Skule. Innleiiarar: Live Havro Bjørnstad og Marta Nagel-Alne
16:55 - Skriftspråk og talespråk. Innleiar: Arvid Langeland
18:00 - Slutt

Velkomen!

  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11

Støtt Voss mållag

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Test deg sjølv

Kor godt kjenner du lokale ord og uttrykk?
Prøv den uhøgtidlege dialekttevlinga

Her kan du lesa siste nytt frå Noregs Mållag. (Opnar i nytt vindauge)

  • Nasjonalt vårseminar i Ålesund Nasjonalt vårseminar i Ålesund Noregs Mållag inviterer til vårseminar i foajeen i Parken kulturhus i Ålesund laurdag 25. og søndag 26. mars. The post Nasjonalt vårseminar i Ålesund appeared first on Noregs Mållag.

  • Kan nokon snart skru av internett? Kan nokon snart skru av internett? Men før styresmaktene får kontroll, er det opplagt at vurderingssituasjonar igjen må bli analoge. The post Kan nokon snart skru av internett? appeared first on Noregs Mållag.

  • Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen – Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. The post Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen appeared first on Noregs Mållag.

  • Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Noregs Mållag lyser kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kr, eitt til ei kvinne og eitt til ein mann. The post Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? appeared first on Noregs Mållag.

  • Gunnar Ottne til minne Gunnar Ottne til minne Natt til 8. januar døydde Gunnar Ottne. Han vart 81 år gamal. The post Gunnar Ottne til minne appeared first on Noregs Mållag.

Godt sagt!

Herre konge!

Ordførar Nils J. Finne under opninga av Bergensbanen 27.11.1909, då han vart den fyrste som tala på nynorsk til ein norsk konge

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga