Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Årsmøte i Voss mållag

Tysdag 7. mars kl. 19.00 i Olavssalen på Voss Folkehøgskule.

- Vanlege årsmøtesaker

Haakon Aase frå Noregs Mållag orienterer om aktuelle saker.

Eirik Helleve fortel om Lars Eskeland som vart fødd for 150 år sidan og som var den fyrste formannen i Voss mållag.

Velkomen!

Helsing styret

Lars og Marta Eskeland

Lars Eskeland var ein av dei verkeleg store i det lokale kulturlivet dei fyrste tiåra av 1900-talet. Ei av sakene han kjempa for var målsaka. Han melde seg inn i Målvinarlaget då han gjekk på Stord lærarskule. I 1898 var han med då Voss mållag vart skipa, og han vart den fyrste formannen i laget. Seinare vart han den fyrste formannen både i Vestlandske mållag og Norsk måldyrkingslag. (Biletet viser Lars og kona Marta på Voss Folkehøgskule tidleg i 1920-åra. Fotograf var sonen Sigurd. Eigar: Voss Folkemuseum)

Vinnarar av målblomen 2016

maalblomen2016

Voss mållag inviterte alle 10. klassingar i kommunen til å tevla om Målblomen vinteren 2016. Teksttevlinga vart gjennomført i samarbeid med Voss ungdomsskule og Sundve skule, og oppgåvene hadde språk som tema. Anne Siri Bauthus, leiar av norskseksjonen ved Voss ungdomsskule, Torbjørn Søgård, Sundve skule og Knut Farestveit, Voss mållag, sat i juryen.

Mange gode bidrag vart vurderte, og til slutt sat juryen att med to likeverdige vinnarar som kvar fekk 500 kroner og diplom under Voss mållag sitt årsmøte 1. mars 2016.

Les Ragnhild Ure Søtvik sin vinnartekst "Sommarfugl i vinterland"

Les Emil Trosvik sin vinntartekst "Treng me sidemål?"

aarsmoete2016

 

Høyringsuttale om språket i Vestlandsregionen

Til Hordaland fylkeskommune

Dersom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vert eitt nytt «fylke», må nynorsk vera administrasjonsspråk.

Nasjonalt er nynorsk i mindretal, men på Vestlandet har nynorsk alltid stått sterkt. Dialekt er ein viktig del av identiteten til folk flest, og talemålet ligg her tett opp til nynorsk. Ved å oppretta ein språknøytral region vil det meste av kommunikasjonen frå Oslo koma på bokmål. Viss det ikkje er politisk vilje til å verna det nynorske kjerneområdet, vil språkmajoriteten i landet overkøyra mindretalet.

Nynorsk som offentleg målform i ein ny Vestlandsregion vil vera nødvendig for å halda på tradisjonar og den vestnorske identiteten. Det vil gjera alle meir fortrulege og kjende med nynorsk. Dette vil i sin tur styrkja heile det norske språket og det språklege mangfaldet.

- Folk har knota bokmål lenge nok

Jon Fosse Foto: Roar Christiansen BT

NYNORSKMANN: – Talemålet til dei fleste på det sentrale Austlandet, der dei fleste austlendingar bur, ligg nærast moderne bokmål, medan det ligg nærast nynorsk for dei fleste på Vestlandet. Og det er gammalt nytt at austlendingen har sett litt ned på vestlendingen. Men Vestlandsfanden har i alle fall hatt nynorsken å visa for seg! (FOTO: Roar Christiansen - BT)

Dramatikar Jon Fosse kastar seg inn i kampen for å gjera nynorsk til hovudmål i vestlandsregionen. Han spår at Haugesund og Stavanger snart kjem til å gje opp bokmålet, men Bergen har han gitt opp...

Les meir (utklipp frå Bergens Tidende)

  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12

Støtt Voss mållag

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Test deg sjølv

Kor godt kjenner du lokale ord og uttrykk?
Prøv den uhøgtidlege dialekttevlinga

Her kan du lesa siste nytt frå Noregs Mållag. (Opnar i nytt vindauge)

  • Nasjonalt vårseminar i Ålesund Nasjonalt vårseminar i Ålesund Noregs Mållag inviterer til vårseminar i foajeen i Parken kulturhus i Ålesund laurdag 25. og søndag 26. mars. The post Nasjonalt vårseminar i Ålesund appeared first on Noregs Mållag.

  • Kan nokon snart skru av internett? Kan nokon snart skru av internett? Men før styresmaktene får kontroll, er det opplagt at vurderingssituasjonar igjen må bli analoge. The post Kan nokon snart skru av internett? appeared first on Noregs Mållag.

  • Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen – Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. The post Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen appeared first on Noregs Mållag.

  • Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Noregs Mållag lyser kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kr, eitt til ei kvinne og eitt til ein mann. The post Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? appeared first on Noregs Mållag.

  • Gunnar Ottne til minne Gunnar Ottne til minne Natt til 8. januar døydde Gunnar Ottne. Han vart 81 år gamal. The post Gunnar Ottne til minne appeared first on Noregs Mållag.

Godt sagt!

Herre konge!

Ordførar Nils J. Finne under opninga av Bergensbanen 27.11.1909, då han vart den fyrste som tala på nynorsk til ein norsk konge

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga