Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Johannes Gjerdåker heidra av Voss mållag

Johannes Gjerdåker heidersmedlem i Voss mållag

Styret i Voss mållag gjorde nyleg vedtak om å utnemna Johannes Gjerdåker til heidersmedlem i Voss mållag, for mangeårig og framifrå innsats for nynorsken. 

Johannes Gjerdåker (f. 1936) har vore leiar for Voss mållag ved to høve, 1978-79 og 1991-93, og sat òg fleire år i styret. Han har vore ein sikker nynorskbrukar heile livet. Han har skrive mykje lokalhistorie, han har hatt ei fast spalte i Hordaland, han har skrive eigne dikt og omsett dikt frå engelsk, tysk, latin, islandsk og persisk. I alt dette har han vist seg som stø skribent, med stor språkkjensle og rikt ordtilfang.

Gjerdåker har tidlegare vorte heidra av andre. I 1992 fekk han kulturprisen til Voss kommune, og for omsetjingane sine fekk han i 1997 Bastianprisen, i 1999 Melsomprisen og i 2006 Kritikarprisen. 

Eirik Helleve
leiar Voss mållag

(Bilete: Johannes Gjerdåker og Eirik Helleve, 19/2-2020. Fotograf: Arnfinn Gjerdåker)

 

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga