Ord og tonar - ein kveld om Olav H. Hauge
med Einar Økland og Leif Rygg
Store diktarar si dikting lever vidare ved at lesaren finn ulike ting som er verdifullt ut frå sin eigen livssituasjon. Jakta på den "rette tolkinga" er ikkje målet for lesinga. Lyrikaren og Haugevenen Einar Økland vil gjennom refleksjon og opplesing gje oss ein glimt inn i korleis han har møtt Hauge sitt verk. Leif Rygg vil gjennom fela syna oss kva Hauge si dikting har gjeve han. Og kanskje dei i dette samarbeidet finn noko som er nytt, både for dei og for oss tilhøyrarar?
Voss bibliotek tysdag 31. oktober kl 19.30
Inngang kr 100,- Voss Bokhandel har bokutstilling.
Førehandssal av billettar: Voss kulturhus eller over nett (www.vosskulturhus.no)
Tilskiparar: Venelaget Olav H. Hauge, Voss mållag, Voss Lyrikklag og Voss bibliotek
– med støtte frå Folkeakademiet Hordaland